Salgsbetingelser

Firma
sognfg.quick3.no er levert av Sogn Frukt og Grønt SA org.nr. NO 926 201 948 MVA
Informasjon og bilder på nettstaden er eigd av selskapet eller partner og kan ikkje kopierast utan tillatelse.
Sogn Frukt og Grønt SA
Lærdalsvegen 714
6887 Lærdal
Tlf. 57 66 64 08
post@sognfg.no
Prisar
Alle prisar syner i Norske kroner både med og utan MVA.
Prisane er i stadig endring, og vi tek difor atterhald om prisendring som følgje av endra prisar frå våre leverandørar.
Betaling
Betaling skjer ved den valde betalingsmetoden i kassa. Vi tilbyr for tiden kun faktura. (Vi vil med tida også tilby kortbetaling/Vipps)
Faktura
Vi kan tilby ein trygg og enkel fakturabetaling. Tenesta tilbyr deg ein kreditt som betaling for dine kjøp. Kreditten innebærer at kreditten er knytt til det enkelte kjøp, og at du som forbrukar ikkje har noko ytterlegare uteståande kredittforhold.
Ved val av faktura er forfallstida 14 dagar. Faktura sendes til den e-postadressa du har oppgitt eller til di folkeregistrerte adresse, avhengig av ditt val av distribusjonsmåte på kjøpstidspunktet. Ved val av faktura må du betala heile beløpet med ein gong.
For å kunne bruka tenesta må du på kjøpstidspunktet være fylt 18 år.
Ein kredittsjekk blir gjennomført i forbindelse med kjøpet. Din personlege informasjon vil kun bli nytta til å avgjera om kreditt skal gis eller ikkje. Ved for sein eller utelaten betaling tilkjem purregebyr, rente og eventuelle omkostningar ved inkasso.
Spørsmål knytta til din faktura eller delbetaling
Kontakt oss på e-post butikk@sognfg.no eller via telefon 57 66 86 60, måndag – fredag kl. 08.00 – 16.00.
Frakt
Alle ekspederte ordrar vil i tillegg bli belasta eventuell frakt, der beløpet avhenger av sendingsmåte, stad og vekt. Dersom bedrifter meiner at fakturert pris avviker frå det opplyste ved ordredato, må dette meldast til butikk@sognfg.no innan 8-(åtte) vyrkedagar regna frå levering. Ved å nytta hent i butikk er det ingen fraktkostnad. På bestillingsvare vil fraktkostnad koma i tillegg.
Leveringsmetodar
Varer kan hentast i butikk enten i Lærdal eller avdelinga på Leikanger. Vi kan organisera utkøyring i nærområdet eller sending med post eller som stykkgods. Kostnad med levering vert lagt til på faktura.
Leveransar
Ordrar behandlast på normalt same eller påfølgjande dag.
Skadde varer og reklamasjonsrett
Etter at du har motteke produkta bør du så snart du har anledning til det, undersøke om leveransen er i samsvar med sendingsbekreftelsen. Undersøk om produkta er blitt skada under transport, eller om produkta har feil eller manglar. Skulle vara være skada eller øydelagt, må du, innan rimeleg tid etter at du oppdaga eller burde ha oppdaga den, kontakte oss via butikk@sognfg.no for videre instruksjonar. Ved sal til forbrukar gjeld reklamasjonsreglane i høve til kjøpslovens § 32, nr. 3. Ved sal i næring kan det avtalast kortare reklamasjonsreglar enn kva som går fram av kjøpsloven (jf Kjøpsloven §3) . Dersom anna ikkje er avtalt, vert produkta seld med 12 månadars reklamasjonsfrist for feil/manglar. Viss du på eige initiativ iverksett tiltak for å utbetre mangelen ut over det som måtte være avtalt med Sogn Frukt og Grønt SA, betaler ikkje Sogn Frukt og Grønt SA desse utgiftene. Ved feil på salsgjenstanden, som kan tilbakeførast til manglar som var på leveringstidspunktet, og som ikkje skuldast bedrifter eller forhold på hans side, har Sogn Frukt og Grønt SA rett til, for eigen kostnad, å rette mangelen eller foreta omlevering. Når Sogn Frukt og Grønt SA gjer retting eller omlevering, kan ikkje kjøper gjera ytterlegare misligholdsbeføyelser gjeldande. Eventuelle manglar må meldast innan 8-(åtte) vyrkedagar regna frå levering.
Som privatkunde har du inntil 5 års reklamasjonsrett i høve til norsk lov.
Lov om forbrukerkjøp
Kjøpslov
Angrerett
Som privatkunde har du rett til å heve kjøpet innan 14 dagar etter at du har motteke varene. Angreretten kan kun nyttast dersom vara kan returnerast i originalemballasjen, og er i det vesentlege uforandra. Du har rett til å opne pakken og sjå på produktet, men det må ikkje brukast. Når du nyttar deg av angrerett, betaler du sjølv returfrakta.
Viss du nyttar din rett til å heva kjøp, vil me tilbakebetale heile beløpet av varene så snart som mogleg, eller innan 30 dagar frå den datoen vi har mottatt varene.
Sjå og forbrukarrådet eller lov om fjernsal.
Personvern, sikkerheit og personopplysningar
I forbindelse med bestillinga, godtek du at me lagrar og brukar informasjonen din. Me gjer dette for å oppfylle våre plikter overfor deg. Me dokumenterer òg all kommunikasjon me har med deg via e-post, for å kunne tilby tenesta som du forventar av oss. Vi vil ikkje dele din personlege informasjon med tredjepart.
Kontakt & Support
Kontakt og support finn du HER
Cookies
Ein cookie er ei tekstfil som blir sendt frå ein nettstad til datamaskina der den er lagra enten i minnet (session cookies) eller som en tekstfil (tekstbaserte informasjonskapslar). Cookies blir nytta til å lagre innlogging eller handlekorga medan du surfar rundt på ulike nettstader. Dersom nettlesaren din er sett til å ikkje akseptere cookies, vil du ikkje være i stand til å legge inn noko ordre på nettstaden vår. Du kan enkelt endre dette i innstillingane til nettlesaren din. Vær merksam på at vi ikkje brukar cookies for å lagre personleg informasjon om deg
Force majeure
Særlege tilhøve som ikkje er under menneskeleg kontroll slik som krig, omfattande arbeidskonflikt, blokade, brann, miljøkatastrofe og alvorleg inflasjon som hindrar partane å oppfylle sine plikter kan frigjera en part frå pliktene. Slikt unntak gjeld under forutsetning av at operasjonen ikkje kan utførast under desse vilkåra. Den andre parten skal straks varslast om tilhøva ved bruk av denne bestemmelsen
Klager
Ved klage, vær venleg å kontakt oss på butikk@sognfg.no
Tvistar og lover
Tvistar i anledning vilkåra og tilhøyrande bestemming, samt tvistar som angår der i omtalte og der av følgande rettsforhold høyrer inn under dei ordinære domstolar. Tvistar skal fyrst freistast løyst ved forhandlingar.

Atterhald
Vi reserverer oss for skrivefeil og eventuelle prisendringar.
Bilder brukt på sidene våre er illustrative og kan avvike frå varens faktiske utsjånad.